tirsdag 8. september 2009

Prinsessa av Burundi

Der kan du sjå. Kvifor ete kli og slankepiller når ein bare kan la kroppen ese ut og finne lykka med ein bosniar i Odda. Eg trur kroppsidealet her i Noreg er i ferd med å endrast. Vi fallar tilbake til tida kor ein skulle vere feite og frodige. Du meiner eg tar feil? Korleis forklarar du da at Høyre med sin eigen flodhest Erna Solberg i spissen stadig nærmar seg Frp? Kvifor blei den amerikanske spekkhoggaren Keiko nasjonalhelt her i landet da han levde sine siste dagar på Nordmøre for nokre sommarar sida. Og kvifor er over halvparten av dei utvalde for årets Robinsonekspedisjon på TV3 godt over grensa for halvfeite? Eg kunne fortsett mitt resonnement i det uendelege. Men eg har ikkje tid. Eg skal ete.

3 kommentarer:

  1. Sinnsykt bra, du burde bli kosør!!!
    :)

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Hei, Jo!

    Førre kommentar måtte eg fjerne, eg prøvde å redigere, men det var ikkje så enkelt... Du skriv kjempegodt, og du meistrar både sjanger og nynorsk. Eg er einig med Even i det han skriv, og når du lukar vekk feil som "å falle", blir dette supert. Godt jobba!

    Bjørnar

    SvarSlett